"RYFYLKINGAR"

Direkteprint på fiberbetong, 20 stk á 700x700mm
Oppdrag til Ryfylkemuseet på Sand sitt nybygg.

Manipulerte fotografi med referansar til ”målestover” i Ryfylke og norsk rosemåling. Ein kan kjenne att sekskantar, åttekantar, hjarter og stjerneformer mykje brukt i denne tradisjonen. Gjenstandane som eg har fotografert, har eg funne i Ryfylkemuseet sitt arkiv og miljø. Her er utsnitt av møbler frå Hålandstunet i Erfjord, Guggedalsloftet frå Kolbeinstveit, frukttre frå Hjelmeland, hummer frå Kvitsøy, rips frå Sand og sjøsprøyt frå Tau-ferja. Alle satt saman til nye objekt, eller “ryfylkingar”, som eg har valgt å kalla serien for å understreka opphavet til fotografia.

Bileta er printa med uv-sikkert blekk på fiberbetongfliser og montert på ein betongvegg, slik at dei dannar ei 15 meter lang frise. Bak betongveggen ligg museet sitt magasin, der Ryfylke si historie er lagra.

Ved å sjå til historia, kan ein skapa noko nytt.

Geir Egil Bergjord, Stavanger oktober 2009

Til fotodokumentasjon.
PRESSE: Suldalsposten 4/11 2009

©2009 Geir Egil Bergjord