|
Berlin 16. februar 2003
Utsikt frå soverom
Før eg reiste ned hit så hadde eg i grunnen ingen planar for kva eg skulle fotografera. Eg hadde berre tenkt at eg ikkje skulle ta bilete av byggeplassar med heisekranar. Alle har vel etter kvart fått med seg at det er ein hektisk byggeaktivitet i Berlin og det treng neppe dokumenterast ytterlegare. Likevel, dette er altså utsikten frå soverommet mitt her i 6. etasje i Nürnbergstraße 22. Spiret i bakgrunnen er Kaiser-Wilhelm Gedächtnis-Kirche.
Bedroom view
I didnt really have any plans of what to photograph before I went down here. But I did plan to avoid taking photos of construction sites and cranes. I assumed that everyone now know that there is a lot of construction work going on in Berlin and that there were no need of further documentation. Anyway, this is the view from my bedroom here in Nürnberger Straße 22. The church in the back is Kaiser-Wilhelm Memorial Church.
|
|